Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
31

men den gamle Log og Rett skulde likevel ikke bli omgjord etter alle desse nyare Livskrav. Samfundet kunde liksom skifta om Likam men ikke Sjæl. Tenker du over alt dette maa du finna, at der var nokot vist utvordes og mekanisk ved Mannens Upfatning. Han vilde hava utvordes Trygd eller Garantier liksovel for Moral- og Tankelivet som paa ein Vekselobligation. Det er vel juridisk at byggja Livet paa Garantier, men ein Statsmann maa hava ein vidare Synsring og liksom sjaa det usynlege. Det er dette borgenslause, dette uvegande og umælande, med eit Ord denne Tru paa Gud og Mann, det er dette og ikke alle desse utvordes Kautioner, som er Samfundets siste Trygd og Skjold og Verje. Det er nemleg det menneskelege i os, men ikke det dyriske, som skaper Staten og Folkesamfundet. Det er for den siste Domstolen Tru paa den uskrivne Log og Rett, paa Gud sjølv.

Dette maatte Schweigaard vita likso godt som nokon af os; men han var so inlærd i desse juridiske Borgenstankar, at han heilt igjenom maatte byggja sin Stat og sit Riksliv paa Trugsmaal og Garantier, Kautioner, Endossementer og alt det, som denne utvordes Trygd og Borgen heiter. Sjaa der var Grensa for Storthinget og der for Regjeringen, og der for Domstolarne. Der stod kver af desse i Ringen og Baasen sin, og han saag Fare for Samfundet, naar nokon gjekk utom sin Ring og Baas eller stakk Hovudet sit in i den andre. Deraf denne Tale om, at Storthinget, Folket ikke kunde faa ei større Magt utan at dei andre Statsmagter fingo sine tilsvarande Tillegg til si. Magt. Det er Mekanik, det er at addere og subtrahere, men Tru paa Land og Folk er det ikke.

Fordi Schweigaard ikke hadde denne Tru, so var