Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
30

ein „forbedret Forretningsorden“, men imot dette, daa han saag eller fælte for, at det vilde „forrykke den etablerede Stilling mellem Statsmagterne.“ Tenk den „etablerede“, (fastsette, grunnlagde). Det er og eit karakteristisk Ord for Staasystemet. Og naar no denne Staalæra kjem so langt ifraa hine store Grunnsetningsmenn som ned til desse daglegdagse Thingmenn og Bladskrivarar, so hava vi Speverket eller Karrikaturen.

Derfor var det so han skreik i alle hine Addressesaker, daa der kunde vera Tanke om ein „Demonstration“ fraa Thinget mot den andre Statsmagt (Regjeringen). Han forsvarad det, som var, der liksom i Retssystemet.

Pope sagde paa Vers: was ever is, is ever good. Hegel i sin Philosophi: alles was ist, ist vernunftig. Schweigaard i Politik og Rettslære sagde det sama, nemleg at det som er det „etablerede“, det er godt. Livet skulde staa stilt. Underlegt, at han ikke skulde skyna, at dei indre Tankeregler og Institutioner likesovel maa skifta om og lempa seg etter dei nyare Livskrav som dei ytre Reidskaper til Jordbruk f. Ex. I dette utvortes Stell vilde han hava Ombyte. Damp og Telegraf vilde han inføra, men endaa skulde der vera det gamle „Træleforhold“ og „Liveigenskap“ til Sjøs, som den ideale Bøyesen (sjølv ein Sjømann) kallad det. Dette forstod han ikke kunde skifta om med ei nyare Aand, om so mange andre utvordes Vilkor hadde bytt om. I Jordbruk og alt slikt vilde han fylgja med si Tid, men dei Rettsforhold, som slike Omgjerder virka gjenom, dei skulde staa. Dette nyare europæiske Krav paa utvidkad Vallrett f. Ex. stod han imot. Han maatte vita, at det var upkomne nye Livsvilkor, nye Stender og Næringsveger og Livsmaatar paa mange Vis,