Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Schweigaard.

Det skifter Dom om Gud og Mann.
Er Livet falskt er Dauden sann.

Han døydde braadt fraa os Schweigaard! Der er nokot i dette, som du mest ikke kan tru. Eg saag den svarte Rand paa Bladom og las om denne Burtgang af „Landets første Borgare“ (som ellers Kongen etter sin Tanke er), men endaa var det, som eg ikke vilde tru det. Det er ikke meir hel’ so eg trur det enno. Det er liksom naar du braadt fær eit Saar: det er lenge før du trur, at det er so stort. Og naar det er eit Banasaar, verdt det sagt, at denne Tru ikke kjem til Mannen før Enden alt er komen.

Med eit slikt Døydarord er der altid nokot, som likjest eit Slag. Du liksom kvekk og skvett tilbake, og naar du so fær att’ di Tankesamling, so gjeng den i Taktslag lik Uroen i Klokka (Pendulen). Det verdt til Rim, naar du skal skriva. Eg kjende denne same Riden i Tanken her, som daa eg f. Ex. spurde Døydarordet hans Poul Botten-Hansen og Ueland; men denne Svingning vart ikke aukande (accellererende) som daa, men minkande (retarderende), daa den vaknande Tanken meir og meir kom til seg sjølv. Derfor skriv eg her i ubunden og ikke,