Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
29

den største Uplysning, at det driv paa og stend. Ein Professor i Philosophi har jamvel sagt liketil, at det er hans Livsupgaava at staa, staa imot det nye og i hans Tankar umogne, som naturlegvis alt nyt maa vera for slike Folk.

At det her kan vera komet til eit slikt standande Samfund! Ja finn meg Grunnen til dette? Det tyder ikke Tingen, at Schweigaard og dei andre „beste“ Menn stod eller rettare sveiv rundt ikring som Kvernekallen og og dermed dreiv Kverna, som mool Mjølet for Dagen, men ikke ei Saad til Morgondags. Det maa hanga ihop i med Landets Utviklingshistorie.

Det var vel det, at Landet var komet til eit Punkt i si Framgang, daa der maatte til eit nytt Stig. — Dette orkad ingen af desse her nevnde Menn gjera, og daa dei no vaaro for uplyste og frisinnad til at ganga tilbake, so maatte dei liksom i Krampe halda paa og tyda ut det, som var. Att’ og fram var like umogelegt, og derfor maatte dei driva paa og staa. Og dette tyder og, kvi dei alle kom in i so store Samfundsstillingar; for det reint utvordes og officielle Liv „stend“ i denne Meining for det meste. Det er Tankane, Ideerne som ganga.

Til dette kom, at Schweigaard, som er det ædlaste Uttrykk for dette Skifte i vaart Samfundsliv, syntes at hava leset seg so fast i Montesquieus Lære om Jamvigt millom Statsmagterne, at han trudde dette for at vera det ævelege Mønster. Og daa no vaar Grunnlag so sterkt er bygd paa desse Læresetningar, so var ei Omgjerd i den umogeleg, forsovidt som denne kunde koma til at røra ved denne hi Jamvigt. Derfor var han for aarlege Storthing, solenge det var trutt, at dette berre vilde vera