Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/26

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest
26

om denne Hustugt til Sjøs, og daa det vardt ankad paa, at denne tidt vardt misbrukad, at Schweigaard ſvarad Olaſſen: „Jeg tror, at de, ſom have ſkrevet Chriſtian den 5tes Lov, visſelig have anſtillet ligeſaa nøiagtige Betragtninger over denne Sag ſom en Repræſentant i Odelsthinget fra Romsdalen.“

Det er ei underleg Miskjenning „af dei nye Tankar i nye Tidsaldrar at ſvara paa denne Vis; og her ligg likeins i dette Svar ein Storlaat og ſo Ringeagt mot ein mindre vitande Thingbroder, ſom ikke er venleg og overberande: Men Schweigaard hadde ſjølv voret til Sjøs ei Stund, og truleg var han der komen i Lag med Folk, ſom maatte faa ſine gode „Dragter Pryl“. Og ſo ſamheldt han dette med den raae Naturen vaar, ſom lyt ſaa Tugt, og dermed kom han til denne ſi Tugtlære, ſom han likeins brukad, daa det var Spursmaal om at afſkaffa Pryleſtraffen for Soldaten[1].

Det er ellers nokot ſjølvſagt for ein ſamtenkt Mann, at han maa krevja Tugt i det ſmaae og likſom til Husbruk, naar han i det ſtore er ein ſlik Ordens- og Autoritets- og „Krut- og Bly“-Mann ſom Schweigaard. Der maa for ein ſlik vera Politi fraa Topp til Taa paa Livet. Det er ſom du maa venta af den ſtore Juriſten „at liva under Loven og ikke under Naade,“ og derfor var det likeins i Samheng med alt dette Trugsmaal, at han paa ſidſte Thing reint ut talad med Spott mot dette nyare

  1. Sjaa blandt annat St. Eft. for 1857 S. 838 og St. Tid. for ſ. A. S. 98.