Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
21

for dei største Bevillinger og Laan. Det skulde vera lærerikt, om nokon kunde uplysa, at han nokonsin var imot det største Laan, den største Utgift, den største Løn, den største Pension, osv. kort imot det mindste af den største Skillingen. Privat tok han solitet af Rikskassa som mogelege. Havde han personlegt Penge, so gav han deim og burt f. Ex. eit Aktiebrev, eg trur paa 500 Daler, til Bygningen for Studentersamfundet. Og daa Slektningar sagde, at han ikke burde gjera det; for han hadde Arvingar, daa skulde han svara: „Lat dei arbeida seg fram, som eg har gjort“.

Det var atter denne ædle Tankemaate, som gav Mannen denne yndefulle Magt. Han handlad som Grunnsetnings- som statsøkonomisk Principmann, naar han auste Riksskillingen ut og syntes aldri, at her vardt formange eller for store Ombod. Det skulde alt koma tilbake med Riksrente, trudde han. Han var „naiv“, som han so tidt vardt kallad, ogso i det Stykke. Han var i Grunnen, naar alt kjem til alt, meir theoretisk en praktisk sonær som i det reint juridiske. Han kjende forlitet til Livet og Landet. Han var ikke af deim, som foor ikring og saag og høyrde og lærde fraa Folkemunnen, men han sat her inne i Byen og las og tenkte og gjorde seg up eit theoretisk Norge. Men kven veit, om ikke den statsøkonomiske Lære, som han so trufast fylgde i sit store politiske Liv, kunde koma upatter, nemleg at ein Stat verdt rikare di meir den laaner, naar det er til nyttige Foretagender? I so Fall kjem den Hatten og upatter.

Eg veit ellers tvo Gonger, at Schweigaard var imot Bevillinger, og det var til Bergmeistar, no Professor Sexe og Adjunkt no Overlærar Holth. Men dette kom