Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
20

tetbygde. Vi saa no sjaa, naar Gjelda er bitalad og alt i har fengjet javnad seg. Eg vilde ikke koma med meir her om dette en mine Tvil om Visdomen i alt dette Stordristsvæsen idetmindste for os. Og med desse Tvil er den Tanken mogeleg, at det som ein Dag gjekk for Framstig, kan ein annan Dag ganga for Bakstig.

Og om denne Atterslagstanken kanske ikke kjem so snart fram i Laan til Jernbaner, so er den alt paa god Veg i Væsenet med all den andre Stordrift, der Schweigaard altid, kan du omtrent segja, var for den største Riksutgist. Hans Tale var gjerne den trøstefulle, at Norge ikke var so armt, som Folk sagde, og at det derfor var nokot usannt og mindre statsøkonomisk rigtigt i alle dei Krav paa at spara, naturlegvis til „nyttige“ Gjerninger som Tilfellet gjerne var med alt, naar det kom paa Regjeringsvegen. Og om det ikke kom derifraa, so var Schweigaard do altid den gavmilde Mannen, og han talad sovidt eg veit, aldri som f. Ex. Aall om det „spendte Budget“. Kjem her no soleids, som ikke er uliklegt, ei Husmannstid etter denne Gardemannstid eller Sparing etter Utkaring, so vil ikke lenger Schweigaard vera den Framstigsmannen i desse Pengegreider, som han no er gjengjen for at vera. Men, naar so Landet atter har samlad Magt, og det kjem betre Tider, og Skoganne hava vokset upatter og Folk hava lært at setja Tæring etter Næring, so kjem det atter ei Tid for ein Kulturens Mann som Schweigaard med den opne Rikspungen. Og so verdt han daa atter Framstigsmann, alt til Landet igjen maa tenkja paa den skarve Skillingen.

Det er karakteristisk, at jamvel i Christiania Formannskap var Schweigaard i ni af ti Tilfelle, om ikke altid,