Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
19

staa meir likefram under den utførande (exekutive) Statsmagt. Regjeringen vilde ved alle slike Løysningar af eldre Baand liksom missa Hærsveinar, som kunde ganga over til Folkesida. Dette er den gjenomgangande Tanke i Schweigaards heile politiske Liv og Lære, alt nede ifraa den vesle Rettarbot om Val til Lensmenn og up til Utnevning af Statsraadar, som Storthinget ikke maatte invirka det mindste paa. Dette var ein kongeleg Rett, som der aldri maatte røras ved. Kongen kunde ikke eingong om han vilde upløysa si Garde. Daa nemleg Roll paa Thinget i 1848 (etter eit Ynske af Kongen) fyreslog dette, svarad Schweigaard, at her gjaldt det ei alene Kongens Person men selve „Kongemagtens Begreb“. Der var juridisk Logik i dette, som eg lenger framme kjem betre in paa. Her fær det vera nok, at Schweigaard ikke kunde lata si Frilære i Næringsdrift koma i Strid med si Jamvigtslære millom Statsmagterne. Lat os no derfor tenkja os, at vi trenga til denne Jamvigt etter denne Tid, som jamvel braut so paa denne Schweigaardske Jamvigtslære, at her kom aarlege Storthing og dermed gjorde det umogelegt for „Kongemagtens Begreb“ f. Ex. at lata Statsraadet „supplere seg selv“, so kjem liksom hin gamle Hatten upatter til si eldre Ære, og Schweigaard verdt Framstigsmannen.

Likeins med all den Veg- og Jernbanelæra, og Laan til desse. Dette var og eit fælande Framstig, og Schweigaard som Stordrifts- og Laanemannen gjekk for ein makalaus Framstigsmann. Men, so er det, at dei jamvel i det rike og manntykke England ikke laana til slikt Arbeid. Og so er det den Ting, at det som i denne Vegen kan gjelda for eit tettbygt Land, ikke kan gjelda for det mindre