Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
18

fulle Sanning i Motsetning af dei Turgotske, som daa var den skire Daarskap. Franskmenn som Michael Chevalier og dei Engelske Frihandels-Theoretikere ero alle omtrent paa Schweigaards Alder. Men so har Livet lært, at desse Fritheorier kanske ikke heller ero so rett at lita paa. Her er idetmindste over heile Europa eit sterkt Atterslag imot deim, og den norske Industri er heller ikke vorden feit i denne Fritid, om so Statskassa har tent sine Penge paa Tollen af all den inførde Vara. Det var ikke Spursmaalet om at tilverka noko sjølv, men at kaupa til billigaste Pris, liksom vi skulde finna Pengane paa andre Kantar. Det torde koma den Dag, daa det vardt sagt, at Schweigaard her i dette Stykke ikke var meir en so halvsann, og at han theoretiserad vel myket utan fullt Kjenskap til det virkelege Livs Krav og det, som vaart Land trengde til. Med Atterslaget mot denne Frilæra framfyre seg fraa industrielt utviklad Laand, er det ingen uhjemlad Tanke at tru so. Det einaste Undantak fraa denne si Frilære, det var den frie Sakførar- og Lækjarnæring, som han stod imot idetminste for det frie Sakførarskaps Vedkomande, til der kom eit Regjeringsforslag. Men hadde ikke Sakføraren og Doktaren før havt kongeleg Utnevning so hadde han vist voret likso fri der som med Handelsmann og Skræddare og Skomakere. Det var nemleg, som so tidt uttalad, hans politiske Grunnsetning, at Regjeringen i sit Samvirke med Storthinget ikke maatte missa den mindste Magt. Det var alt so tilmælt og afvegjet mot kvarandre for Statsmagterne etter vaar Grunnlog, at der i so Maate ingenting maatte bli omgjort, ikke eingong somyket, at Sakføraren og Doktaren vardt frie for kongeleg Utnevning og dermed for det Tenarskap at