Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
17


Spikk ei forliten Naglen din.
og bruk ei heller digre Vol[1].
Var netup so du høver in
i Livsens javne Navarshol.

Den Naglen som er passad stor,
utor det rume Hol ei dett,
og sprenger korkje Benk hell’ Bord
og likso litt tilbake sprett.

Naar det er Tale om Framstig i Politikken, so er det tidt vaalundt med eit slikt Uttryk. Det kan nemleg likso godt vera eit Bakstig: Det kjem her alt an paa Standpunktet i Tid og Rum og Tankens Retning. Eit nyt Lag paa Klædom uplyser dette best, nemleg den sokallad Mode. Eg har f. Ex. kjent ein Hatt som tri Gonger hadde voret paa Moden. Han var naturlegvis fyrst af nyaste Slag, men so vardt han gamaldags og kom so upatter i Velten og so ned atter og so upatter og so nedatter og tilslutt upatter, der han stod i mi Tid. Han stod og ventad, og so hadde han tri Gonger si Tid.

So med mange politiske og statsøkonomiske Ideer. Schweigaard vardt kallad Framstigsmann f. Ex. i Frihandelsvegen, og han gjorde vist meir enn nokon annan norsk Mann til aa faa inført her heime desse utlendske Tankar. Han hadde si Utvikling fraa den Tid, daa Atterslaget mot dei gamle Beskyttelsessystemer i Theorien var paa sit sterkaste. Dei Adam Smithske Ideer var daa den

  1. stor rund Stav, Stokk, Nagle osv. „Slagvol og Handvol“ paa Flygilen (Slyul, Pleiel).