Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
12

Og derfor sagde han og ganske rigtig etter denne Livs- og Tankegrunnsetning eingong i 1851 under eit Ordskifte i i Storthinget om „Arbeiderurolighederne“ og Stemmeret: „Det vilde sandt for Dyden være bedre at give Almuesmanden en Skjæppe Korn eller en Tønde Potetes end Stemmeret.“

Det er denne sunne Fornuft, denne praktiske Forstand; men det er ikke den som er Vængehesten (Pegasus); Det er ikke „Araberen“.

Han var likevel sjølv so idealt anlagd, at han bar uppe i ei rein Tankeluft dette, som hjaa andre mindre Aander maatte faa eit ringare Navn. Og netup ved denne si personlege Adling af det mindre uplyftande vardt den Aand, han med sin Autoritet inførde i Riks- og Ombodslivet mindre ideel. Folk som ikke hava hans personlege Hjarta- og Hovudgaavor til at adla seg og si Gjerning med, dei hava hans Lære og Ombodsupfatning som eit Mønster, og dermed ero dei lukt inne paa nokot, som han sjølv urettelegt stundom vardt gjord til Storprest for, nemleg „Materialisme“. Dette er, som eg fraa somange Sider har strævd med at uplysa, den politisk raadande Grunntanken i Landet no. Dette er Uviljen mot alle framifraa flinke Folk, som ikke ero „praktiske“; dette er det „praktiske“ som f. Ex. segje om ein Mann, at han er altfor „vitenskapeleg“ og derfor heller gjør til Professor i Medicin ein almindeleg „Dyrlæge“, heller til Professor ein historisk Samlare en ein historisk Sambindare, heller til Domare ein praktisk Kontormann en ein vitenskapeleg Rettslærd, heller til Statsraad ein vel inlærd Departementsmann en ein lærd og med sit Land og Folk kjend Mann. Exemplerne ero endelause i kver Grein af Riks-