Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 95 —

sagt i ein Tone som visar, at Kyri i Grunnen er betre. Eg hever set Konur vera glade, „takka Gud“, som dei segja, for dei miste eit fagert litit Barn, men graata for dei miste eit Lamb. Og so er det, at Livet siger i Pris ettersom Gardarne verda smaae til. Ein Gardmann er soleides mykit meir værd enn Husmannen.

Eg veit ei Kone, som tok so stort i som ein Hest, daa ho rødde um, at ein Gardemann var daud. „Jamenn sagde ho det Tone, at ho liksogjerne vilde hava mist Borken sin“.

Eg maa her koma med fleire upplysande Rispur.

Olaf var ein rik Mann her fraa Austlandet og gjenger endaa for at vera ein klok Mann.

Eg. Uh, Olaf, eg tykkjer det er leidt at koma ut til han Hans no, daa han hever mist denne siste gilde Sonen sin“.

Olaf: Hm, det er ingenting det, for han kann snart faa seg atter ein slik ein. Nei, det hever hendt det, som verre er. Det skulde Jungen hava høyrt slik Ulykke.

Eg: Men i Guds Navn! Hever Kona døytt?

Olaf: Hm, det skulde Ingen hava høyrt slikt. Nei men . .

Eg: Men . . er ho paa Gautstad kanskje?

Olaf: Nei. Det skulde Ingen hava høyrt slikt „Syn“.

Eg: Jøses Navn, kvat er det daa. Er han sjuk sjølv, eller daud eller hever han gjort ei Ulykke?

Olaf: Nei, det skulde Jugen hava høyrt slikt. Tenk du, den gilde Hesten hans, som han var boden hundrad Dalar for, fekk Stivkrampe af det han var saumstungen; og ho er ulækjande. Han stender no med Skum i Kjæften.

Og for at visa, at dei meta Liv og Kunskap ut i Mynt maa eg fortelja dette, som endaa er etter ein af dei beste Gardemenn i mi Heimbygd. Han heiter Olaf og Son hans Olaf, og Fader min Olaf og eg Aasmund. Det var med Fader min han rødde.

Han: Kvat skal eg gjera, Olaf! med han Olaf Son min.