— 92 —
vaare Landbruksskular og eit og annat Stell med Hjælp af Rikskassa til Framhjælp af Jordbruk og Feavl. Uvise Folk taka Rædsla af alt dette og meina, at det Gamle var best; men dei kloke vita, at Landet som kver einaste Mann maa læra seg fram gjenom Mistok, og dei takka likefullt dei Gjæve, som fyrst vaaro ute, um Verket endaa ikki svarade til den gode Viljen. Det er rett som her skulde vera ei Ulykke paa dette vaart store Stræv etter at skapa varig Velstand i Landet. Men gjenger det traatt og uheppet fraa fyrst af, so skal det vel verda somykit betre paa Slutten, naar me faa lært.
Den smaabytte Garden.
Daa eg foor her paa desse raumsdalske Strender, kom eg til ein Gard innunder ein haag Nut (her er allestadar haage Nutar) og ned med Sjøen (her liggja dei fleste Gardar ned mot Sjøen, for lenger uppe er det for flogbratt). Han laag so rikt til og koselegt denne Garden, at det maatte hava vorit ein gamal Kongsgard og eit Vikingsæte, som kann verda eit og det sama. Fyrr eg kom inn til denne Landsbyen, møtte eg Hestar og Grisir og Kattar ute paa Bøen med Bodskap etter det gamle Ord fraa Mannen og Kona.
og Grisen og Katten um Konas Gjerd.
Det er som i gamle Dagar, daa Dyri kunde tala, for eg trur det var sama Maalet dei rødde daa. Linaakren og Hagen forteler likeins um Kona og den andre Aakren og Engi um Mannen. Det var ikki gode Bod eg fekk af alle desse