— 91 —
er nytt endaa for den, som er fødd upp millom vaare andre Storfjøll. Naar Landet verdt rikare, og Utlendingen fær større Smak paa det, maa Molde verda eit Como og Schweitz, der rike og livsleide og sjuke Folk liggja mest um Sumaren for at sjaa aust til alle desse Fjølltindar og djupe Dalar. Naar denne Fjorden er still, og Kveldsoli skiner paa desse Fjøll, maa her vera likso stort som yndefuldt. Vedret var ikki godt, daa eg var der, men endaa saag eg nok til at segja, at eg ikki hever set Maken til Samsyn i det Heile, um enn Gautstod og Rundarne fraa sume Kantar sjaa større ut. Her er eit heilt Belte, her, og alt af eit annat Bergslag; og so Fjorden og denne koselege Fanestrondi inn med seg! Og so kann Ein med Eimbaaten fara sud til Tresfjorden og inn til Vevlungsneset, og so kjøyra uppigjenom denne makalause Dalen, og so nedatter og nord og innigjenom Fjordarmen til Eikisdal. Det er so villt, at det kann skaka alt dette. Her kjem no ogso Aars aarleg Engelskmenn, som mest liggja og fiska i Rauma ned under Trolltindarne paa søndre Sida og Raumsdalshornet paa nørdre. Eg saag nokre der so kryltne yvir Hærdarne og so skrylteryggjade og skjeivlebeinte, at eg kjende deim bakfraa lang Veg.
Paa søndre Sida af Fjorden fraa Molde ligger den kjende Vestnesmyr, som det somykit er skrivit um. Det er ei stor Myr, men sovidt eg i den Hast kunde sjaa, so er ho ikki af det beste Slaget; men der er endaa komne gilde Vollar. Det er Synd, at so stor Kostnad og so god Vilje ikki skal svara seg betre. Der er ei Myr mest likeins i Soløyr, og det er ille, at Magt og Hug og Dug heller skal skræma Folk fraa slike Gagnverk, afdi det af eit Raam ikki vardt lagt paa rette Staden. Likeins er det med Austmyri inn med Throndheim. Det er upplyste landskjære Menn, som hava lagt seg um denne Myrdyrking, af di dei saago, at Folket ikki hadde Vit paa det; men det vardt tekit for stort i paa desse Stadar, som ikki vorde valde med Skynsemd. Slikt hever det likeins gjengit med mange af