— 90 —
meg, talade so viist um Jordbruk og um Stellet med Garden sin, at det lovade ei god Framtid. Han sagde, at han hadde slutat med Sjøbruket, for det var berre til Armod, naar Mannen hadde Jord. Naar no den Tid kjem, at dei, som hava Jord driva godt den, so vil det koma Folk, som berre driva Sjøbruk, og daa kunna baade Ting drivast betre, og kver altid hava nokot af si Drift at selja, so det ikki er som no, at du tidt ikki kann faa fersk Fisk der tett inn med Sjøen, og det endaa tidt ikki i desse mindre Byarne, for der er enno ikki komne Folk, som liva berre for sit Bruk; men paa gamal Vis driva dei det eine attaat det andre, og so verdt det Tufs med altsaman.
Eg spurde denne Skytsmannen, um han aatte Garden sin. „Aa nei, Gud naa’s“, svarade han, „eg er skuldig heile 4 hundrad Dalar“. Eg kunde ikki annat enn læ aat dette, etterat eg hadde høyrt um Gardens Afdraatt; men Tingen er den, at Hundradet for Garden her svarar til Tusindet paa Austlandet og vel so det, og eg meinar ikki med Austlandet ikring Christiania og dei andre Byarne, men lenger paa Landet sosom ikring Mjøsen, paa Ringeriket og ikring Øyren. Og endaa var det ikki meir enn ei god Mil til Christiansund fraa Garden aat denne Mannen, so det kunde ikki vera den meir tungføre Handel som i mange Fjøllbygdar, og her kann all Afdraatt paa Baat førast til Torgs. Og Jordi er ikki tyngre at driva her; det saag eg vel. Det maa vel vera mange Grunnar, som gjera dette, og ein af dei største maa vel vera det gamle Stell i eit og alt med Drift og Handel og Vandel. Vaare Jordbrukslærarar, som Rikskassa sender ikring, burde løysa slike Spursmaal, so me kunde faa ei Samanlikning millom Dyrleiken af Jordi i mange af Landsens Bygdir.
Det er ein Bergrygg yvir, fyrr du kjem sud til Raumsdalsfjorden, og fraa denne Ryggen ser du Fjølltindar austetter af eit Slag, som du ikki er van ved. Og til lenger du kjem sudetter Strondi mot Molde til fleire og fleire Tindar ser du af Raumsdalsfjølli. Som eg sagde, pigga dei seg upp som storknade Havsbylgjur og kvelvde Baatar. Det