Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/91

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 89 —

maal i Byens Tidende, um det ikki sknlde verda meir af med den Afgjerd, at denne Presten skulde koma dit til Saaluhjælp attaat. Slike Stykki som det i Morgonbladet um Lammers og i Vetr um desse nymodens Liktalur er til stor Velsignad i denne Tid og for slike undertrykte Stadar. Det lettar som at faa af seg Mara.

Der ovanfyre Byen er liksom eit Vakthus ut til Havet. Paa det fann eg og min gamle Ven Ole Vigs Navn og mintest daa, at han hever skrivit ein rett god Song um Usynet yvir Havet, naar Soli siger ned i det. Det var vist herifraa han fekk Tanken. Han var her i fleire Aar som Skulemeistare, og ei Gjente herifraa sat i Hugen hans all hans Dag. Eg spøkte tidt med honom yvir det, at ein Mann ikki fær fraa seg ei slik Hugkjenning, naar det er raadlaust at faa det fram; men her sat eg saarhugad og saag paa Navnet hans og tenkte paa, at det ikki var lett for ein yngre Mann at bu her og koma usaarad herifraa. Det er ikki fritt for, at det siter ein Agnor atter i Hjartat mit med, og det so aldrande Karl som eg er, endaa eg trur no, at desse yngre ero vænare enn dei eldre. Og dette sama vil til all Lykke ein Mann segja etter mi Tid og, naar han som eg siter her upp med Vakthuset og finner likeins Navnet mit paa desse utkrotade Veggirne.

Her er litit Grand Trelast her med, som kjem innantil fraa Fjordarne, og denne Lasten er som all den nordanfjøllske so reintvegjen af Slagregnet og so raud i Adelen (Malmen) som fint friskt Kjøt. Det er Fjøllfuru, maa vita, um det so er ned med Sjøkanten. Desse Plankekostarne saago mest etelege ut imot den graae Lasten her sud; men so er ogso denne raude Fura brøysk som Pipestylken.

Straks sunnanfyre Christiansund er det gamle Freidøy, der Egil Ullserk ligger nedgraven i Haugen sin. Sudigjenom Landevegen til Molde er ein djup Dal rett som du skulde fara haagt til Fjølls med bratte Lidar yvir Hovudet dit og det beste Gjeitebeite. Bekkirne hingo etter Regnet som Sylvbordur ned etter Fjøllsidurne. Det var god Jord ned i Dalbotnen langs Fjorden, og Mannen, som skytsade