Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 85 —

Brudarsængi dei paa Botnen reidde.
Bylgja Brudarsongen var for deim.
Skum paa Sængi seg som Lakan breidde.
Tang og Tare prydde deira Heim.
Ned det sokk og seig,
men mot Himlen steig
deira Aand fraa Fjorden som ein Eim.



Drosi frelser meg.

Eg laag i Throndheim nokre Dagar og tenkte paa at fara med Baat ut til Ørlandet og sjaa bland annat det gamle Herresædet Austraat. Eg tingade Baatselskap og; men so kom eg ihug, at Drosi endaa ikki var fari fraa Byen — eg hadde set ein Blink af hena i Gata ein Dag —, og so tenkte eg, at det var best at venta paa Eimbaaten, for kven veit, um eg ikki i denne Millomtid kunde raaka paa Drosi, og kanskje faa Fylgje med hena attaat. Eg trur paa Lagnaden min, tenkte eg, og ventar. Og vel var det, for det kom slik ein Storm i Fjorden, at den Baaten, eg skulde hava fylgt, kollsiglde og vardt driven inn paa Byneset. Eg trur dei komo burt allesaman. Og hadde ikki Drosi vorit, so hadde det vist gjengit likeins meg. Ho frelste daa Livet mit. „Dette maa vera Fyribod paa nokot annat“, tenkte eg, og foor tidleg ut paa Eimbaaten, der eg so halvt um halvt trudde, at ho var.

Den Dagen var det Vedr ut igjenom Throndheimsfjorden! Det var so du maatte halda deg for ikki at blaasa ned, og Regns-Eli slogo gjenom dei tykkaste Klædi som Haglladningar. Det var so Fjorden mest ikki kunde brjota, men laag nedklappad og berre skalv, nett som naar Sorg og Sinne paa det djupaste griper deg. Det er ingen Faare, naar det bryter. Det var so Jarlen[1] sukkade og stunde

  1. Dampbaaden Haakon Jarl.