Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 81 —

Beste Gjenta tidt,
saag me breidt og vidt,
til at kjosa Mann ein Daare var“.

„Takk for Guten, som du vil meg gjeva“,
sagde Thurid, „men for ung eg er;
og so maa eg sauma meir og veva,
fyrr slik Mann og Gard og Heim eg fer
Gjenta altid maa,
fyrr ho Mann kann faa,
hava lært til Gagns all Gjentegjerd“.

Men ho hadde, det var rette Grunnen,
til ein Annan fyrste Hugen lagt.
Henar rette Mønstermann var funnen;
og det fyrste dyre Ja var sagt.
Og eit slikt eit Ord,
som den Unge svor,
løyser ikki sjølve Faders Magt.

Men til Fader sin ho ikki trudde
det var enno værdt at segja fraa;
naar ho leikad’ fint og smaatt det fnudde,
skulde han med andre Augo sjaa
henar Festarmann
og vist tru, at han
var den beste, som ho kunde faa.

„Det er sannt, han er i Valland tekin,
daa min Fader tok hans Faders Borg;
sannt, or Laget stødt han ut verdt rekin
som ein Træl paa Tilje og paa Torg.
Men so viis som han