Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 6 —

I gamle Dagar galt det paa
med Kniven godt at kjøyra.
Det galt ein Mann at kunna slaa
i Svime under Øyra.
Den, som slog best, saa Blodet rann,
den Mann var Landsens største Mann.

Nei Manna-ætti, som hever livt so lengi og skal truleg liva endaa lengr, veiknar ikki og eldest af i so kort ei Tid som tusind Aar. Det er berre ein Dag det, som det stender i Skrifti. Eg tenkjer meg Manna-ætti enno berre som ein vilstyren Gutegap paa femtan sekstan Aar. All denne Krigen og all denne Trudomen er Barnamerki. Ja, Folk vilja vel slaast um Matbiten so lengi dei liva, men det maa verda paa ein liten annan Maate.

Eg viste ikki rett kvat eg mest skulde bisna paa: Nidarholmen, Byen Domkyrkja, Ilevollen, Nidarosen, nord til Hlade, upp til Sverresborg eller Drosi. Dersom eg hadde kjent hena og fengit setit og godrødt, so hadde eg no gløymt alt for henar Skuld. Ja, eg gjorde endaa dette, berre for det, at ho var nærare. Det var knapt eg gaadde dei mange Krigsskip, som laago der skjotande paa Havnen. Det heiter at vera giftarblind, naar Folk sitja som eg sat her i eit slikt Sjonløyse (Syn-).


Mi fyrste Nott i Throndheim.

„Alt det eg eiger berer eg paa meg“, sagde eg med den græske Vismannen, og slengde Skræppa paa Ryggen springande inn paa Bryggia, der eg kjende eit og annat Andlit fraa Hovudstaden. Drosi kom burt for meg, og eg dreiv uppigjenom Gata etter ein svart Kjole, som eg tyktest kjenna atter; men so smatt han inn i ein Port, og eg stod aaleine atter paa denne forne (classiske) Jordbotnen med sine breide Gotur. Men so moter eg tvo Menn so