— 73 —
godt det: han kann liggja til Dugurds kver Dag, og leggja seg so tidleg han vil“. „Det maa vera gamle Syndir, som gnaga og grava og driva denne Mannen til Verksemd“. Slike Talemaatar fær du høyra nok af, og desse maala Folkets Villmannsliv og Dyretilstand meir enn nokot annat. Og i Føderaadsvæsenet kjem dette klaaraste fram i Gjerning.
Peter Olivarius og Oline, eit Par barnlause Folk ikring fyrti Aar, aatte denne Garden, som er fraatalat. Men daa dei soleides ikki hadde „nokon at arbeida for“, sagde Oline ein Dag, ho var trøytt: „Olivarius, me ero nokre Galningar, som liggja og slita med denne Garden, me, som kunde liva so godt og sutlaust“. „Det var sannt det, Oline“, svarade Olivarius, „det kan Andre, som meir trengja til det, slita med Gardsbruket og husa upp og brjota Skjer or Aakren. Tomlongius Broderson min og Seriane, Kona hans, Systerdotter di, koma so til at erva os, korsom er; det er derfor best at dei faa Garden liksogodt no med det sama, og so taka me os Fjordeparten af Gardens reine Afdraatt i Føderaad, so kunna me liva som Haukar, sitjande paa Krakken“.
So fekk Tomlongius Garden. Han sat der i Armod med det store Føderaad og mange Born, so han ikki braut mange Skjer or Aakren eller snuggade[1] stort med Husi; han sleit og beit seg fram, og ynskte inkje heller enn at desse velsignade Føderaadsfolki maatte døy; so det var ikki mange Aari han var takksam for Garden, skulde eg tru. Det kom endaa til Sak imillom desse eldre og yngre Folk. Det stod i Føderaadsbrevet, at dei gamle ogso kunde hava ein Stovugris, men daa Grisen stundom var ute paa Roting og ikki aljamt inne med Husbonden pustande i Oska, so meinte Tomlongius, at han, som gav so stort Føderaad, ikki vilde hava denne Grisen rotande i Garden. I det gode gamle Ord Stovugris ligger, at han aljamt skal vera inne med Folki som Barn i Huset; medan Olivarius trudde,
- ↑ af snugga, stella, pynta.