— 72 —
vonde Lyst. Til Slut bar der til at lukta i Garden, og daa det vardt leitat etter der det kom ifraa, fannst det ei Holu ut ifraa ein Haug og inn i Kjellaren, som var full af Fugl. Han hadde ikki havt Salt den Stakkaren, so Maten hans tok Usmak; men so klok hadde han vorit, at han hadde lagt det yngste inst inne og det eldste ytst ute, so han aat den gamle ule Maten og let den nye verda gamal, som alle sparsame Gardmannsfolk paa Landet, for Maten er drygre, daa han er traa og ul. Det var somykit, at han kunde hava havt Suvl all sin Dag, so det var Gut, som tenkte fraa det eine Matmaalet til det andre, ja paa Alderdomen med, og det um han hadde Kosten og fritt Hus dihelder. Det er mykit faa Menn der i Bygdi, som er betre enn denne Reven. Dei fleste hava sama Haatten som han, men ero ikki so vise, og derfor draga dei heller ikki somykit ihop.
Det vardt nokot langt utifraa Vegen min med denne Revarispa, men eg laut visa, at some Dyr er meir langtenkte enn mange Folk, som ikki ero somykit betre enn mange Dyr, som dei tru. Kjenner du ikki Mange ikring deg, som ikki tenkja fraa Maal til Maal?
Ja, sjølv den Guten f. Ex. som sagde: var eg Konge, so vilde eg ikki gjera annat enn liggja i Høyløda og eta „Risengrynsgrød“, han stod lægre i Folkeskikk (Cultur) enn denne Reven. Og slike som denne Guten er fleire Folk i Landet, enn Nokon trur.
Det er ein aalgjengjeleg Tanke det, at det er den største Lykka, naar Ein slepper at gjera nokot og endaa fær Maten, „Herregud han liver godt han; arbeida tarv han ikki det mindste og endaa kann hava den beste Maten“. „No hever han tent somykit, at han kann sluta med alt Arbeid“. „Det er berre af Girugskap, at denne rike Mannen arbeider, for han kunde so godt sleppa, han; den som berre var so sæl“. „At han, som er so rik og barnlaus attaat, vil slita med Gardsbruket! nei var eg i Staden hans, so skulde Andre faa Lov til at gjera det. Eg skulde sova og eta og liva som Kongen“. „Ja, det er Mann, som liver