— 71 —
let, fyrr han soltnar. Men daa er han vel um seg, rivande og slitande. Til lenger Folk koma frametter i Kunskap og Umtanke, til meir tenkja dei fraa det eine Maalet til det andre, og laga seg so, at det „rekker ihop“. Ja, dei tenkja lenger: fraa Ungdom til Alderdom, og fraa Alderdom til næste Ungdom og alt fraa denne framigjenum til det Endelause, solengi Ætti kann liva. Livet verdt eit endelaust Lekke med den eine Mannsaldren som den eine Leden. So tenkjer den beste og mest upplyste Mannen og liver etter dette, so godt han kann, og vrakar det, som kunde vera Vinning for honom sjølv, men Skade for deim, som etter koma.
Og umsnutt: til mindre og verre Mannen verdt, til stytre og stytre verdt dette Livslekki (Lænke), alt til han berre tenkjer paa seg sjølv; men dette er og nokot, naar han tenkjer fraa Ungdom til Alderdom, endaa dette og er berre at vera eit gjævare Dyr. Lægre Dyr tenkja berre fraa Maal til Maal og dei lægste leggja seg til at sova, naar dei ero mette.
For det finnst ogso Dyr, som tenkja frametter og det langt fram, ja endaa solangt dei kunde liva og vel so det. Eg minnest just no Reven paa Alfstad, som var tamd og livde i Huset som ein Katt. Han stelte seg so vel i Garden og saag so sedleg ut, at Alle trudde honom det bedste. Han gjekk millom Høns og Ændar og Gjæs og Alt med Fjør paa, som Reven er so galen etter, og rørde ikki eit Liv. Men lenger burt i Bygdi kom burt Fugl etter Fugl, og Ingen kunde gjeta, kvar all denne Fuglen vardt af. Det var Mange, som mistenkte denne Reven, men daa inkje kom burt paa Garden, der han var eller nærast derikring, so kom denne Mistanken burt. Og Reven sat og høyrde paa all denne Røda og gat ikki eit Ord, men gjorde Skalkeandlitet sit so aalvorsamt, som det er mogelegt for Reven. Han kjende vel Hjartegnag, som ein Kjennare kunde sjaa idet han drog Halen lægre, naar der kom ei Kone til Gards og gret for den gode Eggehøna si, men han var ein so forhærdig Syndare, at han slog alt burt og fylgde si