— 5 —
Ormen hin lange, som vardt bygd der burt i Bakken. Og hadde ikki denne Baaten magtat dette, so vilde St. Olaf, som her ligger med ikring femti Kanonur og femhundrad Mann have gjort af med alle dei Vikingflotar, som all sin Dag have siglt her inn og ut, um so heile denne store Fjorden hadde vorit tekt med slike Skip som Domkyrka der inn paa Land med Koparplaturne sine.“
„Ja“, svarade han, „men kver Mann var sterkare daa.“
„Det kann eg aldri tru; imindsto visar ikki dei fundne gamle Vaapen og Herklædi, at Folk var større daa. Dei Storkjæmpurne, som talast um i Sogurne, ero uppskrøytte, so dei sjaa tvistore ut som ein Mann skroyvande i Himlesyni mot den myrke Bakgrunn. Han ser tidt ut som eit heilt Tre so i Dimmen mot Graaljosingi og Kvelden. Og so var det faae af desse. Der er likso faae store og sterke Likam som store og sterke Aandir. Det kann vera ytt som bytt med det. Ovkarlar i Hand eller Hovud er sjeldfengde. Naturen hever aldri liksom havt Raad til at gjeva mange i Senn af det Slaget. Det er med det som med Vænleiken, sagde eg, og saag burt paa Drosi, som gav meg eit Augnakast, so eg kjende, at det tok til at brenna i meg. Det er Folk framifraa (Geni) allesaman desse og alle like gode og gjæve til sit Bruk og si Tid. Og her liver den Dag i Dag likso store og sterke Menn som Harald Haardraade og E. Skallagrimson og Olaf Trygvason og Kjartan, som kappsvam med honom der inn i Viki. Eg skal no under Krøningi visa deg ein Herførare likso sterk som nokon af desse, og Maken hans bur paa Austlandet. Eg hever kjennt Folk likso spræke som Gunnar af Hlidarende. Det døydde nokre Aar sidan ein Mann i Mo Sokn, han het endaa Thorgeir Haugo, som vist var likso spræk og sterk og med likso vilt Mod som Skarphedin. Berre han og desse andre hadde livt i den Tid og med all den Tamen (Øvelsen) i Hopp og Sprang og Vaapenleik, so vilde ogso dei have vordit Kongar og Fyrstar, naar Landet som daa mest hadde trengt til slike Kjempekarlar. Det var som eg skreiv: