Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/63

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 61 —

tenkte eg attaat, at eg her vilde finna eit Mønster paa Bygdarstellet, daa det var ei giftande rik Gjente, som sat paa Garden, for slike Hus hever eg i alle Bygdir funnit som Mønsterhus. Her slær eg daa tvo Flugur med ein Smikk, tenkte eg, springande upp fraa mine Draumar um Thormod Skald, daa han her vist ned paa denne sama Garden, som denne Gjenta no bur, drog Pili ut med Hjarterøterne og sagde, sjaaande Feiten: „Kongen hever født os vel i Vetr“.

„Du Thormod! du var ein Mønstermann paa desse sterke, kloke og urædde Nordmenn, me enno den Dag i Dag raaka til at finna, som døy med Vitløgi (Vittigheder) paa Tunga, og vitløgja aat sine eigne Hjarterøter. Du er den mest nationale Mann vaar Histori kjenner. Og her paa denne gamle Hustufti, eg no stiger af, var det vist du laag med dei andre Særde, som ikki hadde nokon annan Saarlækjare enn den gamle Kona, som saud Gras og batt kring Saaret. — Daa du aat Lauken og det luktade Lauk atter i Livssaaret dit, daa gav denne kloke Kona deg upp“. — Daa eg kom inn paa Stiklestad, laag der ei ung Kone med sit vesle Barn i Sængi millom Skinnfeldar, svart og klædd i Totrar. Dette var den andre Systeri, som skulde hava den eine halve Garden. „Skal denne væne Garden bytast endaa meir sunder“, sagde eg, „so verdt de berre Husmenn allesaman“. „Aa me kann nok liva tvo paa dette“, meinte Kona.

Det var ikki rart i Huset. Det hekk eit gamalt svart Lakan for Vindaugat istadenfør Gardiner, afdi Soli skein inn. Det var langt ifraa som i Øysterdalen og Gudbrandsdalen med Husbunad og Tvaatt, men der var nokot betre enn i søndre Thrøndelagen og sume Fjølldalar Sunnanfjølls. Og dei kunde faa ikring tri fire hundrad Tunnur Korn paa heile Garden, sagde Skytsguten.

„Er ikki den ugifte Systeri heime“, spurde eg.

Vil du fri kanskje“.

„Kann vel henda“.

„Ja, so er ho paa Uppstova“.