— 60 —
at han var Konge, verdt fraadregit som Rett er for Reiknestykket, so maa endaa eg vera ein sann Gudsfugl imot honom, og vist er det, at eg ikki vilde vera i sama Andarheimen som han: det vilde vera altfor daarlegt eit Selskap. Nei med han Thormod, som og fall her, skulde eg gjerne koma saman. Daa skulde det verda Kveding af; men so laut han leggja af mange af dei brydsame Bokstavrim og henta Likningarne sine fraa annat enn den endelause Striden med alle Draapsreidskap. Og so maatte han ikki soleides slita af Setningarne. Det var med dei gamle Tungemaal som med Slevur og Blautdyr (Blød-), at dei kunna verda afhogne og endaa liva Smaastubbarne, medan dei nyare Maal ero som Kvirvildyr, at dei døy af ein liten Styng paa saare Stadar. Dette trur eg er det, som gjerer, at ikki me kunna skriva so kunstige Vers som dei Gamle. Det maa hanga ihop for os. Naar no Thormod lagde af nokot af dette gamle Laget, som ikki me kunna faa i Hovudet vaart, so skulde eg læra mange fleire af hans gode Ord. Og so skulde det verda „Poesi“ af!
Thormod var ein Fritenkjare[1] han, som no alle gode Diktarar hava vorit. Det var her lenger upp i Dalen han sagde til Kongens Kokk: „Er det ikki lenger imillom meg og den kvite Christ enn ein Kurvesnabb (Pylse-) so koma me vel ihop“. Han var solten Thormod og vilde faa seg nokot Kjøtmat, daa Kokken sagde, at det var Synd mod den kvite Christ at eta slikt um Frædagen.
„Kven bur paa denne koselege Stiklestadgarden?“ spurde eg Skytsguten. „Det er ei ung Gardegjente“.
Ja daa lyt eg dit.
Kven veit, um eg ikki her paa denne forne (antike) Staden kunde finna ein Godolphin[2] tenkte eg. Og so
- ↑ det er og eit Ord! liksom ikki Alle, som tenkja, skulde vera Fritenkjarar! Det er berre tankelause Folk, som ikki ero Fritenkjarar. At tenkja det er at vera fri.
- ↑ Ein engelsk Lord gjekk ein Dag paa Londons Gate og saag ein utkøyrd Hest med Flettur af Knei fyri ei Ølvogn. Han var ein Kjennare og fann, at denne arme Hesten var af adeleg Skapnad og Huglynde; han kauper og nevner honom Godolphin, og han verdt Ættarfader til det beste Traavarslaget i England.