— 59 —
koma Magt til ein skikkeleg Borgarskule. Det er armt og uvitande, at fraa eit so rikt Land, som herikring synest vera, ikki betre Menns Born skulo strøyma her inn paa Skulen. Det spaar ikki stor Framgang for denne næraste Mannsaldren dette.
Gjenta paa Stiklestad
Nordigjenom til Verdalsøyri seer du langs Vegen Merke paa, at Fjorden hever sigit (eller Landet havt seg, som some meina). Der me no kjøyra, var paa some Stadar Baatstod og Naust for dei gamle Langskip.
Eg kom til Verdalsøyri og skulde daa gjera ein Krok paa ein Fjordungsveg uppetter Dalen til Stiklestad. Det er sa rik og fager ein Dal, at det vel hadde vorit værdt at farit lenger dit. Ja, Kyrkja ligger ned paa Sletti, og Stytta stender uppaa ein liten Bakke, ei Aabraut fraa gamle Dagar. Det var hugsamt at sitja og sjaa ned paa dei væne Gardarne og paa Lauvlundarne ikring seg. Hadde eg som Olaf fallit her, so vilde eg og hava vorit graven ned her og legit der alt til Domedagen, og korkje Thore Hund eller nokon annan Mann, um han so hadde vorit Prest aldri so mykit, skulde hava fengit Lov til at grava meg uppatter.
Skytsmannen lagde godt ut for meg etter gamle Segnir, kvar det hardaste Slaget stod og Kongen fall. Det var der burt i den andre Bakken, og ikki der Stytta stender, og det var eit Bakslag eller rettare Sideslag af Bondehæren der nord fraa ein Tverdal, som gjorde det. Eg saag Soli paa sama Staden, som Olaf daa han fall, men det var inkje Formyrke no som aatte hundrad og tretti Aar og aatte Dagar sidan, og derfor hadde vel heller ikki Folket trutt, at eg var so heilag ein Mann, um eg hadde fallit der no, endaa det er vist, at eg er ein mykit heilagare Mann enn Olaf var, for sjølv um Tidaraldrens Raaskap og det,