Denne siden er ikke korrekturlest
— 52 —
Men desse maatte snart or Skog tilbake vika
med Sprang og spræke Fart — Eg høyrde Ingen skrika —
for mange Menn var bak, ein Manngard mykit stygg,
for han var sett til Tak i desses arme Rygg.
Det yver Brui bar med desse burt i Bakken,
og bak dei andre var som Øks paa Naut i Nakken.
Daa rauk det og det small i litle laage Lid
og lydt var Krigens Knall: det Nutar svarad i.
I Lidi myldrad paa den Myrjemengd der budde,
som Maur i Tuva daa det urde og det krudde.
Men straks det bles til Fred; det flaug det Farkehat,
og Folket slog seg ned og fekk seg Drykk og Mat.
Daa diskad’ vardt der Bord for Heltehermenn haage,
og haagt mot Himlen foor Champagnekorkar fjaage.
Af Vin og Krut du datt, og arm du inkje orkar,
og Kulur mindre spratt i denne Kamp enn Korkar.
Dei baade drap sin Mann, det mange mæla kann,
men Korken, Korken, han, drap fleire, fleire, han.
Paa „Halsen“ Blod ’ki flaut: best, betre, kanskje verre.
Ein Hermann Foten braut: for det vardt Kammerherre.

Det var mykit annat fagert, som hekk ihop med denne Skalkestriden; men det er berre store djupe Tankar, som bør koma i Poesi eller paa Rim. Det er Heltediktet, som er det eldste alt fraa Fader Homer og Moder Edda og ned til os; og det verdt vel ogso det siste for den kunstfulle Rimslenging. Her kjem altso Prosaen um Skalkestriden, eller
det Rimlause.
Folk var gridug uppe i Throndheim denne Stridens Dag. Det er ikki fyrste Morgonen denne Byen er vekt af Stridslarm, tenkte eg, daa eg sprang ned paa Tollbudbryggja til Eimbaaten. Det sveiv og dreiv nedigjenom