— 48 —
at han er ufin i sine Ord, so er det ute med honom. Der er some Ting, som aldri maa talast um og endaa mindre verda skrivne og allraminst koma paa Prent. Desse Ting slita ut alle Tungemaal: naar desse Ord ero brukade eit Bil, so henger der liksom nokot af Tingen paa deim, og dei faa Vrakkrossen paa Ryggen sin. Sjølv den vesle uskadelige Tyske Neutrumsartikkel dass er umogelig no. Det Franske Spraak som er so fint og luftigt og lett hever brukat til dette eit Ord, som stender solengi; og det er „retirade“.
Det er vist best, at eg blæser til „retirade“ (Bakgang), som det heiter i Stridens Tungemaal, for Folk hava den fine Tanken til det dyljande Ord: „Du kann gjera det, men aldri tala um det“. Det vere langt ifraa meg, at venda Folk um fraa denne Skikken; nei eg kvekker endaa upp som kvefsestungen for kver den, som prøvar paa det Umogelege at gjera dette. Dei gamle Folk sosom Grekarer, dei eldre Romarar og vaare Forfeder, ja endaa den vise Salomon skreiv beint fram alt det, som var; kanskje ogso fordi dei ikki hadde Prenting? Vaart Landsfolk, som mindst hava komit i Samføre med den nyare Tid, vilde, ettersom dei røda til, taka det likeins, um dei skulde prenta. Og eg skal ikki tru, at det er ufine og usedelege Folk for den Skuld. Dei vilde aldri gjera det, som den slikkefinaste Bokskrivaren tidt gjerer.
Anten no Skomakaren er ein Mann af Folket, som trulegt er, eller han trudde, at den store Tanken skulde bera alle Ord og Talemaatar fram til Siger, vist er det, at han bles ikki som eg til „retirade“. Han viste ikki, arme Mannen, at den største Tanken kann verda knusat eller vanskapat under Formen.
Naar han kom inn til fine Menn med Planerne sine, so skrykte dei Nos og Panne og spurde, um han var galen. Men verst var det endaa, naar han kom inn til Damer. Det vardt sagt, at Fru N. N. jagade honom ut med Sopelimen. Ja, det var ogso Lesnad han Stakkaren baud Damerne.