Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Det fyrste Synet

eg saag — ikki af Throndheim — men af ei fager Dame paa Dekket, det var blankt det. Det var Lykka, det var so manntykt, at der kom Sky framfyri Soli, so eg ikki vardt glimen i Augo.

Det er merkjelegt med alle dei væne Kvendi der er i Vestbyarne inn med Sjøkanten, alt ifraa Grimstad og nord mot Throndheim. Anten det no er Fisken eller kvat det er, som gjerer dette, er ikki godt at vita; kanski det ogso er for den Skuld, at desse Byar skulle hava nokot attaat Fisken at skipa ut, for sjølve Byarne hava inkje Bruk for alle dei Blomekinn og blaae Augo, og um der var Rum for Alle, so ero dei fleste for gode til slike Afkrokar, som kunna berga seg godt med eit ringare Slag. I Bergen kann det endaa so vera, men ellers er det Prydnadsfolk for Kongsgard og Hovudstad og Framtidsfruer for Landsens store Menn. At sjaa slike Englar gifte med ein Driftsmann, ein Skipare, ein Fiskehandlare o. s. v. og det helst i slike Smaabyar, er som at sjaa Stasfolen spend fyri Steinslodda. Stygt men sterkt vilde vera høvelegare for slike Folk. Vænleiken skal sitja paa Straa og som Soli vera ute skinande paa Livet. Eldre og ljote Folk skulle slita, men unge og fagre verda sparde, til deira Tid kjem; med Damer maa det imindsto vera so.

Dersom denne Dama hadde vorit heime i Hovudstaden, so vilde ho som ei Laura hava eldat up mangein Petrarca af alle dei unge Menn, som ganga paa Storskularna der inne, medan eg aldri kan tru, at ein Mann betre ganar

1