Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 44 —

neflokk og vesle Inntekt og i hans Alder og med den Skulen, han kann hava der. Det kan verda sagt um honom som det verdt sagt um somangein Mann: han fortente ein betre Lagnad. Han skreiv Inngangsdansen til det straalande Ball, som Byen gjorde for Kongen, og soleides fekk ogsaa han nokot af Krøningsmusikken, han Bybarnet, som kunde hava ventat at[1] fengit meir.


Der ser ut til altid at hava vorit rike Fruer i Throndheim. Soleides standa der tri store Trehus til Afminni um tri Fruer, som kappbygde. Det er nett som i Eventyret, og eventyrlege store Kassur ero ogso desse Hus. Den største er no Stiftsgard, der Kongen teker inn og helder sine Ball. Det er med Hage og alt, so det fyller ut ein heil Firkant Gatemillom. Slikt er det paa eit Par andre Stadar ogso. Der er Rum nok i denne Byen. Han kunde mindst hysa tridubbelt somange Folk for Storleikens Skuld. Det gamle Kalvskinnet paa øvre Sida upp mot Aai, som ringar seg ikring, er no Kaalhagar, og der siter vel atter nokot Hevd i Jordi enno etter alt det Blodet, som er runnit der.

Men med Torg er det laakt i Throndheim; ikki for det, at der vantar stor Plass, for den Skuld kunde der gjerne vera eit Torg paa kvert Hyrne i desse breide tome Goturne; men der er knapt nokot merkt ut som Torg, endaa Torgefolk samlast no paa ein Stad so langt ifraa kverandre, at dei knapt kunna skrika til kverandre. So totte eg. Og ikki skulde du sjaa mange fine Kvendi paa Torget der som i Christiania. Det er Skikken der, vardt det sagt meg, at det ikki er høvelegt for ei gild Dame at ganga ut paa Torget og kaupa. Og i ein so liten og rumsam By koma no vel ogso dei fleste Matseljarar inn i Husom; og

  1. at „hava“ verdt utstøytt naar det so nær maa takast uppatter.