— 42 —
for Throndheim i den Tid. Og Suhm, som ogso var so rikt gift, gjorde vist gilde Selskap daa for desse Lærde.
Der er baadi Bøker og mangt rart i dette Vitenskapsselskapet. Og det verdt no styrt af so dugelege Folk, at der verdt gjordt so stort Gagn som mogelegt med dei Medelar det hever. Og det hever ikki gjort so litit for Vitenskapens Uppkoma i Landet; og det er til stor Lærdom for Skuleungdomen i Throndheim at faa sjaa alle desse gamle Vaapen og Reidskab og Fuglar og Dyr og Steinslag o. s. v., liksom det ogso er ein gjæv Samlingstad til Lesnad i alle dei nye og ældre Bøker for lærde og bokkjære Folk i Byen og derikring. Selskapets Hus er i Latinskulens store Bygning, som ogso er bygd af den Angellske Rikdomen. Der hever komit mange gilde Gutar fraa den Skulen. Og der er gilde Gutar den Dag i Dag, som endaa her i Vetr og Vaar gaavo ut ei Tidende, alt til desse frimodiga Gutarne talade so djervt i den „svenske Striden“ og um den komande Krøning, at Politiet lagde ned Forbod. Der er altso „Censur“ enno i Throndheim. Det var Synd um denne Tidende, for dei No. eg saag, vaaro gode, ja der var endaa betre Dikt enn vanleg i Hovudstadtidenderne, og Elskhugsdikt af forelskade Skulegutar. Det maatte vera ein og annan Byron, som var so tidleg mogen i den Vegen, endaa slike Gutar elska tidt varmare, enn naar dei verda vaksne, liksom dei tidt skriva betre og døma sannare. Det er med det sama Livsblomen stend i Spretting. Det skal verda vandt, um dei skriva eit so godt „Studenterblad“ som denne Skuletidenden sin. Men dei beste kava seg igjenom den uklaare Mengd af somange Slags Kunskap og faa Ljos paa Slutten; dei sona seg ut med Livet, som ikki gav alt det, Skuleguten tenkte; dei faa atter Skulegutens Friskleike attaat Stødleiken og den reine Smaken af den vaksne Mannen, naar dei so ero ikring tretti Aar. Men det er ogso berre dei faa Utvalde dette. Stakkars flinke og livande Gutar, tenkte eg, daa eg las denne løglege Tidende, tru nokon af dikkor kjem so langt, eller skulle de koma burt i Toka? Men kanskje det er betre, at de