Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 41 —

Der er rike Ættir i Throndheim, og det er inkje litit Merke paa Stakkarsdomen, dei gamle Thrønder hava sigit ned til, at some Ættir kunde slaa seg so stort upp paa ein Stad, der Handelen ikki meir kann drivast i det Store. Det var nye innkomne eller uppblandade Ættir, som viste at taka Tak i Armodsdomen. Den gamle Angellske Rikdomen tyder godt den late og armodslege Tilstand i Thrøndelagen og Nordland. Men no kjem mykit af denne Rikdomen til Landsens Gagn atter i Latinskulen, Vitenskapsselskapet og den store Fatikhjælp, endaa Folk sagde, at Byen berre hever Skade af denne, for alt det Skrap, som finnst, kjem no til Byen for at liva af desse rike Gaavurne. Men Skrapet maa ogso liva einstad.

Den Tid var der endaa rikare Gjentur i Throndheim enn no, og derfor kom der ogso Friarar alt uppifraa Kaupenhavn, som daa var Hovudstaden. Gamle lærde Suhm tenkte det skulde vera gjævt at faa Ervingen til den ovrike Angell, so kunde han kaupa Bøker og liva for Lærdomen. Det var nok værdt at selja seg for det, tenkte Suhm, endaa han var vel alt so til Aars og so ljot, at det var ytt som bytt med honom og Kjærasten. Han hadde Lærdom og ho Pengar, so kom kver me si Stormagt. Nokon af dei tri andre Stormagtir, stor Ætt, Vænleike og Aand hadde vist ingen af deim. Det var soleides ingen rett Slavehandel, som slike Giftarmaal tidt ero.

Suhm vardt soleides rik og kaupte Bøker og livde for Vitenskapen. Men gamle Angell fekk det ikki altid som han vilde i Huset. Gamle rike Folk ero vandsame. Og den, som er viss paa Arven, er heller ikki altid so velviljug mot den Gamle. Nok er det, gamle Angell fekk ikki den vanlege Kveldsgrauten sin i eit Aftenselskap, og so vardt han sinnat, og tok somykit til „melde Stiftelser.“ Men Suhm fekk endaa nok til Bøker, som han gav til det Vitenskapsselskapet, han grundlagde i Samlag med Biskop Gunnerus[1] og Schønning. Det var liksom ein Uppkveik

  1. Gunnar med den latinske Enden us.