— 39 —
unge Konge boren paa Skjoldi liksom i ein Barneleik. Her var sterkt og tidt villt daa; men her var ogso stor Gaman og vist større Rikdom enn no, so rikt som enno Throndheim er kjend for at vera (eit Buk til den rikaste i Laget), for dei gamle Vikingar tente vist meir paa sine Røvarferdir enn de no gjera paa Lofotfisket, endaa de ero vist Vikingar de og, sovidt den Slags Ferd no kann brukast. Kver Handelsmann maa vera Viking paa sit Vis, skal han tena nokot som er. De kunna vera børge, gode Nidarossingar, for det de bu paa denne gamle adelege Vikingstaden; det er fraa Vikingtidi den gamle og derfor gode Adel skriver seg. Men her i Byen er vist ikki stort atter af den gamle Vikingætt. Det er Ættir af Krambudgutar fraa Flensburg, som er dei største Handelshus no baade her og i dei fleste Byar. Det visar dei tyske Novn. Og Folk ifraa andre Kantar af Riket, mest sunnanfjølls fraa er dei beste jordbrukande og framtenkjande Menn her ikring. Daa desse gamle Nidarosingar ikki lenger kunde vera Vikingar, seig dei ned i Svevn og Armodsdom so det ser ut til, at dei maatte verda uppkveikte af nye Ættir, som komo fraa meir upplyste Riki. Der maatte nytt Blod inn i denne liksom utlivde Mannen, eller kanskje rettare han maatte som ein gamal Støvel verda forføtt. Eg kjenner det gamle Skaftet atter i Skytsbøndar og Gardemenn i Bygdarne herikring. Det helder nok ut fleire Forføtingar dette Skaftet o. s. v. o. s. v.“
Throndheim kann aldri verda nokon mykit større By enn han alt er, for um Landet kjem seg aldri somykit, so er det eit for litit Strok til Uppland. Derimot maa dei andre Smaabyar og Strandstadar kring Fjorden veksa, ettersom Landet i Dalføri derikring koma seg, og Folk læra at handla paa rette Maaten. Orkedalsøyren og Gaulosen maa koma seg. Stordalsøyren maa ogso koma seg og Livanger og Steinkjer likeins veksa. Livanger maa no paa ein Maate verda flutt ei Mil lengr nord til Værdalsøyren, naar der eigong verd lagd Jernveg derifraa og innigjenom Jemteland mot Øystersjøen. Det er der Vegen maa liggja, for der er laaglendt og tykkare Bygdir med det rike og