Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 34 —

naar dei fingo Magti. Men, „den kollutte Ku fær aldri Horn.“

Daa eg fekk høyra, at Ingen annan enn Matmusikken skulde faa koma inn i det fyrste Laget, som Sendelaget gjorde for Sendelaget fraa den svenste Riksdagen, daa sende eg Bod til Ordføraren, um eg ikki fekk Lov til at koma inn paa Trevet (Galleriet) i ein Afkrok, der Ingen kunde sjaa meg, og der høyra paa Talurne. Men Værten Kaupmann K. . . svarade for Gjæsten sin, komande vist ihug daa han var med i „Reformforening“: „Hels Vinje at han no er i Throndheim!“

„Det skal vel segja svarade eg, aat eg no er den Kraakekroken, der Folk kunna stengja seg inne med Daarskapen sin.“

Eg sende Bod tilbake, at eg gjekk med Rikets Grundlog i Handi, og dersom nokon torde stengja meg ute, skulde me talast med um den Ting, for det var Rikskassa, som gjorde Laget, og Folk hadde Ret til at høyra det, som vardt sagt i dette Lag, naar Ingen trengde seg fram, men sat so, at han var usedd.

Jau, eg slapp inn og fleire med meg, som hadde fengit vist um dette Inngangsteiknet mit. Sidan helsade eg K. . . „saag du om eg var i Throndheim?“

Musikken slapp inn og Songararne likeins. Desse Songarar vaaro Candidater og Komedispillarar og slike Folk, som fraa Hovudstaden vaaro forskrivne til all denne Vigsel. Og her visar Sendelaget si gjæve Stilling ved at lata desse Folk sitja uppaa Baasen med Matmusikken som andre bitalade Tenarar, og ikki — sovidt eg kunde sjaa — faa annat enn det stolte Synet af dette gilde Lag. Men mange af desse Menn, som ved næste Krøning sitja i Herresætet og kunna meir alt no enn dei fleste, som i Laget saato, dei sungo vel ut som velupplærde Folk, men ved næste Lag vilde dei ikki vera med. All Bøn hjelpte ikki. Slik Synd mot all Folkeskikk maatte faa si Refsing paa den einaste rette Maaten, for det var for fine Solk til at koma med Kjæremaal.