Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Mit gode gamle norske Folk
eg knapt deg atter kienner:
Fyrr sende Kjæmpur du som Tolk,
og Dvergar no du sender.

Kongsraadarne vaaro mykit større, ja endaa Kammerherrarne og Heroldarne i Brøkerne sine. At dei hadde finare Folkeskikk, er nokot som maa segja seg sjølv. Det var i Storleiken Folkets Menn skulde hava Munen sin. Men endaa var der Ljod i veslom Skrove[1], som det heiter, for den eine af desse Smaafolk helt ei Tale um den norske Kjæmpeaand, dei snjoklædde Føl og det frodande Hav, som det skulde hava vorit ein Poet i den fyrre Mannsaldren. Eg vardt vel stolt af Mannen min, men kunde ikki annat enn finna det for utslitit.

Fraa Sverike var sendt større Folk. Den, som saag desse tvo Sendelag sette mot kverandre, kunde aldri tvila um, kven som maatte vinna. Dette var ikki hugsamt for os Norske etter den stormande Vetren, daa some Tidender baadi her og i Sverike ikki so smaatt endaa ordade ut um seg med Slagsmaal, og ein Poet endaa skreiv ei Slagsmaalsvise. Og mindst hugsamt var det her i Nidaros, der du fraa kver Jordflekken kann mana upp gamle Kjæmpur og med kver Gatesteinen tala um Slagsmaal. Byen var vel ikki steinsett endaa, men der burt i Kleivarne, som Steinen er komen ifraa, var Stridarne likso varme.

Men paa Vyrdnaden sin helt Sendelaget fast. Kongen opnade Salarne sine for mange Gjæstir, ja endaa for Tidendeskrivarar, som Kongarne sjeldan hava likat, medan Sendelaget, som skulde framsyna det opne Folk og Riksskipnaden, som krever Ljos til Alting, det stengde seg inne liksom det aalkjende Forbetringslag („Reformforening“) ifjor. „Her er mine Dyr“, sagde eg atter med Robin Hood. Dette visar ogso Fridomen slike Karlar vilde gjeva os

  1. Skrov = Skrog.

3