— 30 —
ske Lov i nokot annat og fastare no!“ Eg hever aldri so klaart set, at me var eit Folk, som var mogit til at styra seg sjølv. At sjaa slike tvisynte Menn styra Riket, og vita alle dei Upplyste Landet ikring med den sama Syn, dette gav meg den store stolte Tru, at eit slikt Folk kann vera so litit og armt det vera vil, ein Træl verdt det aldri, fyrr det misser dette sit eine Auga, som daa ikki likt Odins er pantat burt for Visdom.
Um Krøningspoetarne ogso hadde denne Tvisyn, skal eg ikki segja for vist, imindsto saag eg ikki nokot til det i Dikti deira. Den eine var no ogso nøydd til at taka det i Kyrkjestilen. Annat vilde hava vorit usømelegt paa den Staden, endaa han kunde hava lagt det liksom i ein annan Tone og ikki smurt so tykt paa af denne Salving, sidan ikki eigong sjølve Bispen gjorde det. Det kunde istaden hava vorit aandrikt og dikterisk gripande. Det vere ellers langt fraa meg at lasta desse Dikt; dei vaaro gode paa sit Vis allesaman. Eg vilde berre her tala litt um Poeterne i denne Samanheng. Dei skulle no altid setja si Tid i Historiens Gapestokk, dei stakkar. Med alt det me lesa um Romerfolkets Afguding af sine Keisarar, faa me endaa ikki den rette Tanken um Storleiken af all denne Trældomen, fyrr me lesa Horats’s Songir til Pris for Augustus, for me tenkja: naar Rikets største Diktare var slik ein Slave, kvat maatte daa ikki det andre arme Folk vera lø¹Denne sama Trældom og Afguding sjaa me ned igjenom Historia af dei nyare Rike, f. Ex. Raeine under Ludvig den XIV og Dryden under Carl den 2den. Og i Danmark daa? Det er ikki so lengi sidan det vardt diktat ei „Jubelhymne i Anledning af at Hans Kongelige Høihed Arveprindsen lykkelig havde overstaaet Kokoppe-Indpodningen.“ Og no hjaa os daa? Kvat er det ikki for Usans Wergeland hever diktat um Konge og Dronning? Og det var ein Poet her som i ei Takkesong til Kong Oscar for han sette Kronprinsen til Vicekonge, sagde med den bibelske Talemaaten: „han gav os sin Søn.“