Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 29 —

mange af desse vyrdnadsfulle Herrar i sin gloande Riksbunad og berande Kongens Merki paa ein eller annan Maate at skjegla med Augom og skjeiva med Munnen upp til os liksom dei skulde segja: „De maa ikki tru det, at me ero blinde for Comedien, for det um me ganga strunke og stive og spila so stort med sjølve.“

Heroldarne vaaro endaa verst farne. Det var med Naud at dei kunde halda seg fraa at læ. Dei torde liksom ikki sjaa paa kjende Folk, for dei hadde speglat seg, so dei vel viste, kor afskapte dei saago ut. Dei sjølve og me Kjenningarne kallade deim (Tyrolere“, af di dei saago ut som slike umfarande Songarar og Harpespilarar. Og Huset, dei budde i, gjekk under Navn af „Tyrolerhotellet.“ Kammerherrarne og slike af denne yngre Slekt smilte fint aat sin ellers fagre Klædebunad og aat den Tenesta, som det laag i deira Umbod at gjera.

Der var berre ein einaste Mann bland alle desse, som ikki hadde denne Dubbelsyn. Han tok det altsaman i Kyrkjestilen han. Han var gripen af Storleiken i si Stilling, og vilde for den Skuld, at ogso andre skulde vera gripne af det sama og sjaa Stormannen i honom. Han talade um Hatten sin og Bukselistarne liksom det skulde gjelda Land og Riki. Han svor ved Lykilen bak liksom Thor i gamle Dagar ved Hamaren sin. Arme Mannen, han vardt mest upphengd af Kjenningarne sine. Men Lykka var no den, at han ikki hadde somykit Vit, at han forstod det alt, for den som er blind paa eit Vis er det ogsaa paa det andre, maa vita.

Ja, det var i Sanning ei Hird, som Kongen kunde lita paa, for han var fylgd af Aandir. Det var Gutar, som ikki skulde vera ufine med Hand eller Munn mot Kongen sin. Bland deim skulde ikki Prinsarne verda tyngde paa som i svenske Tidender f. Ex. Det Heile var skapt um i Synskverving (Illusion). Naar nokon sagde: „so og so skulde det vera, det og det skulde vera gjort“, so vardt han møt med eit Hyss! medan ein Annan sagde: „godt nok! gamle aflagde Greidur! Folkets Lagnad henger Gud