Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 28 —

Skikk dette, so der i kvert slikt Forfriskingshus og Samlagshus (Clubber) stode Radir med slike merkte Flaskur. Soleides møta Folk Brennevinsforbod. Der var ikki somykit Storthingspunch der som i Christiania Heilagkveldar og paa Stadar, der ingen Brennevinsrett er. Det er Vinpunch af Franskbrennevin dette, som heiter so, og som so mangein ærleg Storthingsmann drikker, afdi han segjer med Paulus, at Logi berre er til for dei Urettfærduge.

Skulde eg gjeva nokot Skilmark millom os fraa Hovudstaden og dei andre Byfolk, so maatte det største vera det, at me lettare sjaa kver Ting liksom med ei Dubbelsyn; me sjaa med eit Augnekast liksom Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at me lettare kunna liksom graata med det eine Augat og læ med det andre. Det er ogsaa denne Dubbelsyn som mange af vaare betre Fjøllfolk hava so merkjelegt af Naturen. Det er likeins denne Dubbelsyn, som gjenger igjenom Holbergs og Wessels beste Skriftir, og som gjera desse tvo Menn so norske. I Hovudstaden, der Landsens største Tankemengd er i Umlaup — liksom Pengemengd — der maa ogso denne Tvisyn verda meir skjerpt sjølv i Folk, som af Naturen ikki hava stor Givnad til det. Der er mange der ogso, forstender sig, og det dei fleste, som ingenting sjaa; og so er der mange, som berre sjaa Vranga, og so er det some, som sjaa Retta.

No var det vel likeins so, at det for det meste var flinke Folk, som komo med til Krøningi, anten som Kongsraadar og Professorar og Diktarar eller som Songarar, ja endaa som Heroldar.

Eg vil taka fraa Toppen for at visa denne Tvisyn. No var det vist so, at kver Mann, som hadde med Krønikigi at gjera, maatte taka dette som ei Riksgjerning og paa den Maaten leggja det sømelege Aalvor i Leiken; men den, som betre kjende desse Herrar, saag ogso, at dei gjorde alt med ein fin Smil, som synte paa Baktanken. Daa eg stod med Kjenningar paa Trammen yvir Inngangsporten til Domkyrkja, og Krøningsferdi kom dragande, saago me