Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 26 —


Daa eg skulde paa det Ball der ho ogso vist var, stelte eg meg til paa det beste baadi ute og inne. Det fyrste eg tenkte paa var at laga det so, at ein Mann eg kjende, og som var i henar Ætt, kunde syna meg fram for hena. No ja, det gjekk godt: me tvo komo i Samtal, drukko med kverandre, trengde os fram millom Kongelege og stodo snart fram med Fuglen.

Det maatte hava vorit for Rikdomen, um so var, skulde eg her hava ordat um meg; eg drog meg tilbaka endaa eg berre var Bedlegut, for eg saag Drosi der burt med Spegilen millom Blomar, og daa eg saag hena, vilde eg ikki synda mot dette Mønstret ved at gjera Krus for ein Skapnad, som so mange hundrad Stakkarar flogsade ikring som soltne Ravnar. Eg drog ein Sukk; men fann det viist og godt i Livet, at ikki eit Menneskje hever alle gode Ting.

Og Ein vardt rik, og væn vardt Ein,
og Ein fekk fagert Mæle,
og Himlens Aand i Andre skein,
og so vardt Alle sæle.

Odalsmannen, daa eg sidan gjorde Greide for mi Fremferd, sagde: „Aa ja, men ho hadde altid vorit god nok, for du veit, at ein Mann so røynd i Livet som eg ikki spurde etter annat enn Pengarne.“ Ver tilfreds, meinte eg; ho finuer nok Maken sin af sama Slaget sdm du, for det er Lagnaden aat slike Gullhønur at Giftarmaalet verdt eit Kræmarhus.


For at mæla eit Ord um Nidaros i Samband med denne Tanken, so var det mi Røynd, at det var stelt mykit godt og vist der, for rike Gjentur vaaro ljote, og Gjentur, som inkje aatte, fagre; ja det tyktest endaa at ganga i ein Stige upp- og nedetter, alt som der var meir eller mindre af det eine eller det andre Slaget. Det er ein sann Mønsterby med denne Rett og Rettferd. Og daa eg spurde