Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 22 —

seg ein Dans med Kjærasten sin. Byens Gutar og Gjentur skulde ogso faa seg ein Dans og hava sine Stevnemøti etter alt det Gjæve dei hadde set den Dagen.

I Throndheims breide Gotur, som der ellers er audt og daudt i, var so fullt den Dagen som det stundom kann vera i Hovudstaden. Det var eit Hav af Hovud at sjaa ned igjenom fraa Trammen bygd yvir Inngangsporten til Kyrkja. Og um Kvelden var Gjeile[1] sud mot Ilevollen ein skridande Skog af Folk. Dansesalen og alle Siderum vorde snart fulle og likeins ein stor Ring framfyri Huset. Det galt um at aalboga seg fram og spita og bløygja seg gjenom Inngangi og bitala sine tolv Skilling.

Stakkars fine Folk, som berre ganga paa Stasball og soleides aldri sjaa slike Dansar, for denne Dansen var ein folkeleg Dans mod deim, som fyrr vaaro at sjaa paa Langvik og enno paa Grønland og slike Stadar i og inn med Hovudstaden. Det gjekk vel fritt til her og; men det var som det paa ein slik Stad skulde vera. Det maa eg segja til Ros for Nidaros, at eg saag ingen Herkemuge (Pøbel) der i dette Ords vanlege Meining imindsto ikki bland Aalmugen.

Herrarne dansade vel her ogso med Hatten paa Hovudet og Cigaren i Munnen; dei sette seg vel etter Dansen med Gjenta paa Kneet sit, og saato soleides venlegt og drukko Øl og Vin og klinkade; dei gramsade vel i Haarfletturne og ruskade so, at Gjenturne gnisade og smaaskreik med sine søte Pip; men det hadde endaa altsaman eit Lag af Folkesømd, som etter mi Meining den finaste Jomfrua kunde hava set utan at uvita (besvime).

Eg veit ikki um eg torer segja, at der small Kyss: Det er so vaalyndt med den Kyssing. Poeterne gjera vel sine tærande[2] Vers um Kyss, ja dei ganga endaa so djupt i Saki, at dei værdsetja samanliknande dei mange Slags Kyss, sosom Barnets Kyss o. s. v., og finna daa,

  1. den lange Gata tvertigjenom Nidaros fraa Sud til Nord heiter enno Gjeile (ein Veg, inngjerd).
  2. af Taar.