Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 21 —

Den Magt, som ei slik Dame med Fjødrir paa hever paa eit Ball eller i ein Selskapssal, er stor. Ein rik Mann, ein stor Mann, ein Adelsmann, og Kongen fyrst og fremst draga vil Folks Auga og Tankar paa seg, naar dei koma inn, og allramest, naar dei dansa; men det segjer litit dette mot den Sving, som kjem i Salen fraa den straalande Dama. Den einaste som kann likjast ihop med hena i dette skulde daa vera ein stor Spilemann straks han hever lagt ifraa seg Fela, og so ein god Songare sitjande inn med Fortepianoet. Det er Kjærleiken til desse tri utvalde Folk, som river os med seg, maa vita.

Vøre[1] me Menn eller Feder til slike Drosir, og kjynne kaupa all den Prydnad til deim, og me daa gjønge paa Ball og søgje alt det Dramb og Drust, so føngje me god Løn for vaart Slit og Stræv. Men desværre, det er so faa af os som hava Raad til at hengja Drambet paa Drosirne sine.



Dansen paa Ilevollen.

Paa denne gamle Vigvollen var no bygt eit Dansarhus. Dette drøymde vist ikki dei gamle Birkibeinar um, daa dei slost her. Og dei, som dansade her no, drøymde vist heller ikki um desse gamle Slaastkjempur. Dei livde i Augneblinken, som det høver seg for Dansaren, for ellers kunde det ganga honom som meg, daa eg gjekk i Danseskule paa mine eldre Dagar, at han fekk Dansen upp i Hovudet men ikki ned i Føterne.

Det var Kvelden etter Krøningi, at denne store Dansen var her paa Ilevollen. Gutar og Gjentur vaaro komne fraa Landet vidan Veg. Krigskip laago paa Havnen, og Matroserne, som ogso hadde fengit seg ein Skjenk for Krøningi, skulde inn og hava Gaman og mange af deim faa

  1. vøre, Conjunctiv af var (er) liksom kjynne af kann, gjønge af ganga, søgje af sjaa, og føngje af faa. Til so fagre Tankar maa eg bruka Maalets heile Rikdom.