— 19 —
og skakke; eg høyrde det knakade under Silken. Og daa
eg gjekk heimatter den eine Notti, sveiv der slik ein kvit
Skapnad fram fyri meg paa Gata i kvite Silkesko og skakke
Sprikestakken, so ho saag ut som den fallande Fuglen med
den eine afskotne Vengjen: ho skjente so paa Skjekke.
Det Beste verdt tidt lastat mest, afdi Folk anten ikki skyna det, heller og ovunda det. Soleides med den kvendelege Klædebunad. All den Strid, som er førd mot Sprikestakkar, kann gjerne kallast europæisk og vel so det. Likeins er det mest med kvert Plagg og kver Prydnad paa den elskelege Kvinna. Det er ikki so med meg, som altid hever trutt paa det gamle Ord, at Bukken kann sadlast, til han verdt god som Hesten. Og dette er endaa sannare for Kvinna enn for Mannen. Dette veit ho ulært af eit Hugskot (Instinct) og derfor ligger det liksom i Naturen henar at pryda seg, rett som naar Pus siter i Soli. Ho veit med seg at det er ho, som skal syna fram det Fagre og Reine, for Livet vilde sjaa altfor ljott (uskjønt) og ruskutte ut, dersom det ikki vardt gjort finare, enn me Mannfolk kunna gjera det. Mannen er girug etter Ære og Kvinna etter Prydnad. — Slikt drøymde eg tidt um paa desse Ball, for her saag eg best den kvendelege Prydnad i allt Dramb og Drust (splendor, majestas). Det var vel gildt at sjaa Herrebunaden med dei trikantade gullbordade Hattarne under Armen, med Riddarbaand og Stjørnur paa Bringa, med raude Bukselistar, med Sabel og Fetil, med kvite og blaae og grøne og eldende raude Fargar, so det var mangein som saag ut som ein Steggi (Andrik), ja der var endaa Menn med raude Klædi fraa Topp til Taa sosom dei Danske Sendemenn. Men allt dette var inkje mot dei silkeklædde Damurne, som liknade dei hundrad og hundrad tusind Jomfruer i Eventyret. Der var Sambunad (Uniform) der, endaa der var some, som hadde finare Silke enn some. Og so er det Maaten at faa sine Klædi skorne og at klæda seg paa, som det kvendelege Flogvit (Geni) mest visar seg i. Og det er dette, som maa forgjera (charmere) Mannen mest og gjera dei andre Kvendi eitrande
2*