— 16 —
er Skikken vorden aalgjengjeleg ogso i desse vestlegare Riki. Men det verdt meir og meir aflagt i den nyare Tid, for mange Folk taka til at verda so vantruande, at dei ikki sjaa nokon Heilagdom i denne Oljesmyrjing, men tvertimot tidt spotta med hena. Og vist er det ogsaa, at mangein god Konge baadi hever livt og døydt i Magt og Ære for det, um han ikki var salvat; medan andre Kongar ero baadi afsette og endaa afrettade af sit Folk, um dei endaa i si Tid vaaro salvade, so det draup af deim. Det kann vel henda, at Prestarne no ogso ero for spare paa Oljen, for sovidt eg kunde sjaa, var det berre liksom for eit Syns Skuld, at Prestemengdi foor og smøygde med eit Horn (?) og smittade og smurde ein liten Sveitte kring den høgre Ulvleden (Haandled), og so vidt eg veit ei liti Dogg bak paa Halskvirvilen, og liksom med nokot Krossing fram i Panna. Nei, i eldre Tider var det nokot annat, for dei skolade vist og slog heile Hornet ned yvir Hovudet, so det var so det silade og rann, for det stender i Bibelen, at „han auste Oljehornet yvir Kongens Hovud.“ Og for at kunna kallast ein Salvat, so maatte der no ogsaa nokot meir Olje til enn soleides berre at sveitta paa ei liti Dogg her og der.
Var eg Konge, so vilde eg ikki lata meg nøgja med slikt Smaatt, for baadi kunde Omstøytar koma og sjølv kunde eg koma til at forgjera meg mot Folkeviljen, so det var best at vera hugheil.
Der var Stas og Heilagdom i Throndheim den Dagen. Eg hever aldri set slikt, og eg kann aldri tru, at Throndheim heller hever set Maken, for vel lesa me um stor Stas der fyrr i Verdi ogso, men det var liksom meir stort og sterkt og grovt daa; det var ikki dette lettande og luftande og gloande som no. Det blafrade i Vind og Sol Flagg i alle Fargar paa Skip i Havnen og yvir heile Byen, so Throndheim nærast saag ut som ei Osp, naar Vinden blekker og blæser i Lauvet. Det tuslar, og Fargarne glima i Soli upp mot den blaae Himilen. Munkegata — den vænaste Gate i Europa, segjer Leopold von Buck — Mun-