— 13 —
Dei maatte setja ei Pigghette til Taarn, og halda Slagregnet ute med Innmuring og Dytting. Og endaa er her so mykit atter baadi af Maalet og Domkyrkja, at her inkje verdt gjort nokot so godt no, naar berre dette Gamle verdt hegnt um og stelt paa med Kunskap og god Vilje. Men at setja alt i den gamle Stand er umogelegt utan at finna paa nokot, som korkje er det eine eller det andre. Koret er enno med sine Bogar og sit Knipplingsverk so stort og upplyftande for Tanken, at sjølve den nye Trefoldigheds Kyrkja i Christiania derimot er som eit Kræmarhus mot eit gamalt adelegt Slott. Lat so det Sunderbrotne standa som eit Afminne; alt dette ihop bøygjer ned og reiser upp Tanken meir, enn um det var heilt altsaman. Her lesa me vaar Histori i Stein. Mannsaldrar af vaart Folks Trældom og Armod sviva i Ringar yvir Hovudet som tykke Torebankar. No saag eg Soli; men Ingen veit, naar ho kann verda dytt atter og Ljonelden slaa ned.
Domkyrkja likjest ogso dei gamle Psalmer. Slike Kyrkjur og dei gamle Kyrkjepsalmer med Melodier og Orgelet vorde ogso gjorde i sama Tidsaldren. Der er som i dei gamle Tungemaal store stive „upersonlege“ Setningar med mjuke og lette Bøygingar i kvert Ord, i kver Stein og kver Tone. Det er Taarn og Bogar og Suler som sveiva seg like Andarpustar upp mot Himilen. Der er ein Blanding af mjuke og stive, af kjærlege og ukjærlege Tankar, af Folkeskikk og Villmannskap, som alt med eit Kunstord verdt kallat Romantik. I Orgeltonen og Psalmerne høyrer du, og i slike Kyrkjur seer du den gudelege Mannen, som vader i Blod til Knes for at taka inn Christi Grav, men ranar og dreper og hatar som Villmannen. Kunstverk standa atter som Milestolpar paa den Vegen, som Manna-ætti hever gjengit etter. Ægyptens Pyramider og Coloseum f. Ex. i Rom merker den ville eller halvville Tid, daa ein einaste Mann kunde bruka Millioner til sine Paafund. Medalaldrens Domkyrkjur og Psalmur standa atter som Merki etter Trudomens ville og fossande Ungdomstid.