Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 12 —

og Durakvelv, forfaren og stydjat og lappat paa mange Maatar. Domkyrkja seer ut som vaart gamle Tungemaal no. Her er atter Stubbar af det, og det som gode er. Men mykit er reint burte. Dei store Langveggirne standa snaude, og der finnst snart ikki eit uskadt Ord. Det er som her i Kyrkja. Kver Stein er sprukken og Utkrotingar og Knipplingar og Krusar og Rosur ero anten utslegne eller skjekkte og skjeivde. Paa St. Petrus er Nosi burte. Judas hever mist Pungen sin. Lucas eit Auga og ein Arm, Matheus er hovudlaus, paa Johannes er Tennerne udslegne. Af alle desse mange gamle Steinmenn er der ikki ein med so heile Limir, at han kunde liva. Og slikt so er det ogso med alle desse Uskapnader. Af alle desse endelause Blomar i Stein er der ikki ein so uskadd, at han kunde gro. Endaa i dei finaste og lettasta Bogar, som enno standa atter, er der utfallne Stykki og Stubbar. „Personer“ og „Casus“ er anten burte eller ogso skjekkte og skjeivde paa. Dette er endaa ikki det verste. Men so er der bygde stygge Graasteinsmurar imillom, og Glugg fylde med rukkutte Kampestein, og so er der kalkat og klint, og lagde grovhogne Bjælkar og skjeldtiljat (panelet) og tekt liksom meir til eit Nautefjos enn til eit Guds Hus. Det er mange af desse nyare Ord, som ero klinde inn i Maalet. Og der er i Domkyrkja som i Gudbrandsdalen, at „Accusativ“ er sett i „Nominativ“, os for me (vi). Det er endaa godt, at det er slikt, for i desse lange trælbundue arme og uvitande Aarhundrad var ikki eigong so mykit ventande. Det var ikki arme Trælars Verk at halda sit Maal og si Kyrkje i Stand. Folk maatte sopa ut etter dei svenske Hestar og halda Messe, so godt dei kunde. Dei maatte bera ut Steinrøysar, som rullade ned fraa Taarn og Kvelv; dei maatte draga ut brende Bjelkar, som hadde støyrt Hovudet af St. Olaf med den eine Enden og slegit ut eit knipplingat Vinduga med den andre. Dei maatte brjota ut Kanonkulur, som saato i. Suler (Søiler) og svarvade Steinbogar som i blaute Leiret; dei maatte skrapa af den gamle Forgylling og klina etter med Kalk og Leir, og fella inn Steinar i dei gapande Hol.