Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/128

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 126 —

Men den, som du skal liva med,
maa attaat hava nokot Aand.

Eg veit vel, at den fagre Møy
er største Syn som du kann sjaa.
Men vel du veit, at Kjøt er Høy,
som visnar fyrst og turkar daa.

Eg spratt ifraa, og drog meg nær
i Ordaleik som vitfull Dreng,
men Svar eg fekk, som naar du slær
paa Klokka, som i Vatnet heng.

Eit Auga som af Kjærleik’ vaatt,
ein Munn som skapt til Herrens Pris
eg saag; men Mælet var so raatt,
det gjenomskar meg som ein Is.

Det gjekk meg her som tidt med deg,
at mest eg elskad’ lengst ifraa,
og ettersom eg nærmad’ meg,
tok Elskhugsfuglen Vengir paa.

Eg eigong auk[1] vel fær at sjaa,
at langt ifraa er Ingen kjær,
men at eg elskar, elskar paa,
alt ettersom eg rykker nær.

Høyr no eit Ord, som gjeva kann
baad’ meg og deg og Mange Mod:
— eg prentar det, som eg det fann —
„Ein Ljot[2] er væn, naar han er god“.

  1. auk utt. au = og = ogso.
  2. ljot eit mildere Ord enn „styg“.