— 123 —
Han: Ja, i Svereke tala dei um Lesarsjuken som um Hundegalskap
f. Ex. Og eg veit ei Kone her, som fekk
slike „Ængstelser“. Presten vardt hentat og denne umfarande
Læraren; men so kom Doctaren, og
fann at ho leid af Obstructioner. Men det høver ikki
paa Maagen min, for du seer vel, at han er feit og
rund som ein Stokk.
Eg: Sannt, men han er so reint framifraa nauten han, at det er so du kann hogga Øksi i honom, som det gamle Ord segjer. — Eller og kann det vera tilgjort med denne Trudomen, so dei berre laga og afskapa seg. Eg kjenner Sume slike og, for det svarar god Reikning, solengi dette Væsen varer. Men det er ikki Mange so vise. Det er stor Gaman at sjaa desse Folk vrida ut det kvite i Augom og stynja og tala i Nøsi leggjande Hovudet paa Skjekke, likesom naar sume Saudir vilja faa Salt. Det er eit sannt Gjæstebod at sjaa og høyra deim eit litit Bil, for varde det lengi, so kunde du og verda galen, daa all Tale som ikki henger ihop verkar liksom denne Sovedrykken (Chloroform). Det gjenger rundt for deg og; men so sovnar du. — Eg gjenger stundom til desse Folk for at lata meg „chloroformere“. Det er forvitnelegt imillom at kjenna paa seg sjølv, korleides Aandarlivet dit verdt staalslitit i Smaastubbar alt til det berre er det raae Jarnet atter. Det er som eg kann tenkja meg at faa Opium. Det siste du kann tenkja er, at du trur du er i ei endelaus Daarekiste, og du griper liksom etter dit eiget Vit. Nei, so hever det laupit Vegen sin, og du dubbar. So tidt her er Prestemøte i denne nyare Tid, møter eg upp imillom for at lata meg „chloroformere“.
Han: Trur du, at det kjemer nokot ut af desse Prestemøti?
Eg: Var det likt seg det! Men dei skada heller ingenting, for det er med alle desse Parti som Gartneren sagde til Hagens Eigare, daa han bad um Raad for Makk og alt Afaat: „Lassen sie dass Ungeziefer im Ruhe, so fressen sie sich einander auf.“ Statsraad Ridder-