Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/124

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 122 —

gen min, so det berre er for Pøbelen — Gud forlaata meg Syndi mi — at han prædikar.

Eg: Det er likeins i Hovudstaden. Du kann no vel tenkja det, at ikki vituge Folk halda ut slikt eit Aandløyse og slikt ein Stokktrudom, um der enno finnst Mange som „gjera i“ Trui liksom i Salt og Fisk og slikt nokot. Paa slik ei Tid, som trur for mykit, maa koma ei Tid, som trur for litit, og dette er det verste med det altsaman. Du kann vel tru, at det verdt ein Prestestokk i Landet um eit Tjug Aar! Eg er mest rædd for at tala um det; og du kann vel tru, at det verdt Skalkeherming af daa!

Han: Ja er det ikki det eg og er rædd. Men denne Maagen min helder meg gamle Stakkaren so i Age med at segja, at det er slikt no med dei Beste, at eg ikki torer setja meg imot, ja han trugar meg endaa med Fordøming og segjer, at den heile gamle Prestestokken ikki viste, kvat den rette Tru var.

Eg: Ja, slikt hever eg funnit det allestad. Det er eit Hardstyre (Tyranni), som maa enda med Rædsla.

Han: Men han er likeins han . . . . ja han foor endaa kring Landet ifjor og prædikade som Thrane i gamle Dagar. Det var for sama Folket desse tvo prædikade; den eine Politik og den andre Trudom: den eine smøygde seg undan og lastade Presten, liksom den andre gjorde med Domaren. Og so for Slavar og slike! Det var inkje godt „Publikum“, skulde eg tru. Og naar slik ein Mann med den Vigt gjerer slikt, so tykkest eg, at Folk i min Stad maa verda rædde.

Eg: Aa ja det er uhyggelegt imindsto. Men denne Mannen er ikki stort vyrd af dei rett Lærde og Kloke; han er ingen Mann med stor Givnad. Men det er den daarlege Magen hans, som gjerer honom til slikt eit Hengehovud. Det var i Underlivet det laag med Lammers og. Eg kjenner ingen Lesare med god Mage, og istadenfor at antra (disputere) med deim, beder eg altid um at faa sjaa deim paa Tunga etter Magne sin.