— 120 —
dagsdagen eller so, og hadde Tidender og imillom Lag og Dans. Det vilde vera som ein Klubb i Byen, og det maatte vera gagnlegt paa mange Vis dette, sosom ved at aftala og lesa um Val til Storthings og slikt nokot. Faakunna og Revakrokar kunde aldri faa den Magt i slik ei Bygd, og det vilde likeins gjeva Livet Folkeskikk paa mange Maatar ved Samtal og Lesnad.
Paa Prestegaarden i Fron saag eg Tufti etter den Bygningen, som Holberg var i, daa han ein liten Gut var her hjaa Presten Munthe. Han laag der i eit kaldt Rum og fraus den vesle Krypen, sagde Folk. Det eine vekser til det andre med slike Menn, so dei verda eit Dikt (Mythe) ja endaa Gudar. Eg tok af meg Hatten, som naar eg kjem inn i Kyrkja, daa eg saag Tufti etter Huset han hadde livt i.
du Mannen med det norske Vit!
Han var tidt ned paa Gjestgjevergarden og rødde med Folk, vardt det sagt. Den vesle Guten fekk vist her ifraa mange af sine Mønster. Han rødde med dei Vegfarande og slog paa Hesten og sat bak paa langt nord og sudetter, og „bondskade“ som det daa vardt sagt, for det var i den Tid eit Lyte paa „Fremmindekarlen“ at tala etter Bonden. „Det er ein mykit til Gut dette“. „Han er ikki som andre fine Karlar denne Guten“. „Aa alting vil han vita!“
Her inn med er Hundthorp og Steig med alle sine gamle Minni.
Denne Presten
eg var so sæl at raaka paa var ein af dei gode gamle Prestarne, som viste meir enn dei andre Folk ikring seg og bar i seg just for dette liksom den Tid han livde i. Han