Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/118

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 116 —

Fikentre teker Plassen burt for det fruktberande og derfor maa hoggast ned.

Der var ei Ekkje etter ein Embættesmann, sovidt eg minnest, der i Vaage. Ho hadde ein liten flink Son der paa den gode Fastskulen i Bygdi; og anten det no var so, at ho var skuldig Skulepengar der, eller ho vilde senda Veslegut inn til Christiania, nok er det, ho var i Beit for tie Daler og gjekk daa til gamle Storthingsmannen rike Haakonstad’en for at laana desse. Men han svarade: „ja vil han Thore ganga god for det, so skal du faa“. Ho gjekk til han Thore ho stakkar; men han Thore det var annan Mannen det: han svarade harm paa denne hardhjartade Haakonstad’en: „nei ganga god vil eg ikki for slike Smaating, men her skal du faa tie Daler af meg, og du bitalar, naar du fær Raad til det“.

Daa dette vardt fortalt meg, svarade eg: „Ja so ero dei fleste slike gamle rike Storbønder, imindsto ero dei slike i mi Fødebygd. Daa eg var komen fraa Skulemeistarskulen og skulde til Mandal som Skulelærare, hadde eg kostat ut paa meg det vesle eg aatte og vel so det. Eg trengde no til tri fire Daler til Reisepengar, og Syster mi gjekk til Grannen, ein af Prestegjeldets rikaste Menn. Ja ho fekk laana desse fire Daler, mot at ho stod inne for deim og skulde baka Flatbraud, um eg døydde burt eller ikki vardt Mann til at bitala. Og eg hadde stadit meg godt paa Skulen og inkje vondt gjort; men eg kunde døy, og Ingen kunde vita, kvat Mann det kunde verda af meg i Pengevegen, og eg hadde inkje Pant. Det var derfor best at sikra seg med Borgen eller og segja nei.

Det er Guds Magt, at fatike Ungmenn kunna koma ut fraa slike Bygdir og slike Folk og fram i Livet. Det gjekk heller ikki an, dersom ikki Folk med betre Hjarta og større Upplysning og Framtanke fannst imillom. Men i desse eldre Bondebygdir ero faae af slike. Det maa vera Folk, som hava vorit ute i Livet og fyrst og fremst lært og set meir. Haakonstad’en var nok ute paa Storthinget, men han lærde ikki somykit, at han kunde krabba ut or det